29 oktober 2009
19 oktober 2009
Med klump i halsen, eller på magen...
1. Lisjetausa
2. Bæsjetryne
3. Gulparguri
4. Klumpen
5. Synnemor
6. Mjølkefjes
7. Veslejenta
8. Gryntarguri
9. Rynkefjes
Andre gode forslag, eller argument for kva som er det beste kallenamnet mottas med takk.
14 oktober 2009
Synne
Med eitt så var vi tre i familien, og det er vel på tide med fars perspektiv på det heile her på bloggen.
Synne er som de ser ei grei jente. Grin berre når ho er svolten eller når mora har spist chili på pizzaen, og det må vel ein far kunne tole. Det meste går greitt, og det er deilig å vere heime med damene. Sjølv så er eg misunneleg på Synnes favorittplass som er hengekøya i sova, og eg har hittil fått sove godt om nettene.
Alle bortsett frå mor mi hevdar at ho Synne liknar på meg, og mor hennar kallar ho for bæsjetryne og hevdar at ho er evneveik, så det må vel stemme... Ho har i alle fall like tungt for å vakne som far sin, som de ser i videoen under.

04 oktober 2009
Ser ut som siste posting virka...
No er det nemleg godt med snø i fjella. Snøgrensa kryp ned imot 500 meter, det er kaldt og regnar (snør i høgda) heile tida. Det rapporterast om folk som har vore til fjells og hatt ein god halvmeter laussnø.
Sånn i kvardagen er ikkje dette vêret noko å juble for, men om ein fekk seg ein tur til fjells så hadde det nok vorte jubel. Eg har endåtil måtte leggje om til vinterdekk. Eg vil ikkje måtte ein snartur over fjellet med sommardekk på snøføre...

Her ser de Grøtet, rett over fjorden, i flott snødrakt. Litt tidleg må ein vel seie at det er, men flott ser det ut når skyene ein skjeldan gong lettar litt. Det er uansett deilig at haustferien er komen, sjølv om dagane inneber eit visst preg av venting og lite vilje og mogligheit til å sette igang dei største prosjekta...

Abonner på:
Innlegg (Atom)