30 juni 2009

Der ingen skulle tru at nokon kan la vere å bu.

Gutta fra Lerstad + + starta i fjor opp tradisjonen med ei friluftssamling i løpet av sommaren. Samlinga i fjor gjekk meg hus forbi, og i år holdt det på å gå i vasken heilt til Anders redda helga i det han byrja å legge andre planer per mail.

Turen gjekk i år til Stadt, og eg hadde pakka bagen med ull og fleece i lange baner. Stadt brukar ikkje akkurat å by på sydenstemning, men heldigvis hadde eg også pakka shorts, for det var akkurat sydenstemning vi fekk. 4 dagar med strålande sol, og bar overkropp frå morgon til kveld.
Vi hadde tenkt å satse på overnatting i Ervika, og spurde pent bonden om løyve til å slå opp telt på marka. Bonden og sambygdingane var redd for avføring i sanden og svara difor nei. Skit luktar ikkje blomar, så vi såg poenget. Til neste sommar skulle bygdelaget ferdigstille hus med do og dusj, så då skulle pipa få ein anna låt. Vi får kome attende...
Bål og lått i Hoddevika.


Slukøra fann vi vegen til Hoddevika. Der meinte ein pratsom bonde at stranda var utmark, og at dermed ingen kunne nekte oss å telte der. Rett nok var også marka bak stranda utmark sidan den ikkje var utskild i teigar... ... ... Bonden gav oss ei lang og god forklaring på kvifor det var slik, men sidan kyr og sauder beita der la vi oss likevel ned utanfor gjerdet.


Helga ellers baud på mykje soling og røling, kajakksurfing, grotteleiting, bunkersfjelltur, godt å ete og drikke, mygg og fluger og millionar av tanglopper.
Kajakkar i solnedgang.


Stadt er utan tvil ei perle, og med slikt vêr og temperatur som vi fekk var det eit paradis. Takk til alle som var med. Neste års samling står allereie i almanakken...

08 juni 2009

The wave

Kona var ute og flaug i helga, og måtte absolutt hentast på Vigra... Då passa det fint å få seg ein padletur i litt opnare landskap enn Storfjorden kan by på. Giske stilte med både bølgjer og sol. Artig!
Det må forresten vere hekkesesong for måsar no. Padla meg ein tur langs land, og litt bortetter stranda kom ein mordarmåse som gjentatte gongar, med faretruande hyl, stupte i stor fart mot haudet mitt. Ikkje anna å gjere enn å vende om og kome seg vekk så fort ein kunne. Berre så vidt eg berga livet...

Puddersvingar i juni

Det har vore eit litt kjøligare drag i lufta den siste tida, og det har jammen resultert i snø i høgda. Trollstigen stiller med snø heilt fra parkeringa, og laurdag så var det Alnestinden som stod for tur.Nysnøen låg tørr og fin dei øverste 3-400 høgdemeterane, og det var ferdigtrakka spor heile vegen opp. Ned att fekk eg heldigvis lage mine eigne...