26 mai 2009

Herlige Herøy!

Langhelga har vore raus, og frå fredag til søndag så var det Hareidlandet og Herøy som baud på godsakene. Fredagen gjekk med til å finne ein fin plass å ete reker. Ellisiv hadde reker, men solvarmen var ikkje så god som vi hadde håpa, så utandørseting vart forkasta. Men etter ein tur eller to til Hjørungavåg, fann vi oss til slutt tilrette.
Laurdag og søndag var det Herøy kajakklubb som stod for. Padleforbundets nybegynnerkurs skulle gjennomførast, for å lære nokre triks no når ein har kjøpt båt. Her er vi på veg ut i kajakkane på Kjeldsund.
På kurset var det mykje kjekke folk, og mykje fin padling. Eg var sjølvsagt den første til å symje. Akkurat i det eg trudde eg byrja å få taket på kantinga, fekk eg meg ein smell gitt. Kaldt men fortent...
Oddbjørn og Hilderun var også på kurs, og vi telta i Mulevika. Ikkje noko dumt val når både himmelen og havet var roleg, og bålet var tent.
Vi fann endatil igjen laguna som eg likte så godt å bade i på Skruk-samlingar på Kjeldsund i barndomen. Her var det lunsj, rulling og røling.

21 mai 2009

Finnan

Vegen over trollstigen opna i går, og det går godt ilag med langhelg. Vêrmeldingane var noko tvilsame, så gleda var stor når Oddbjørn sendte melding på morgonen og sa at sola skein. Regnbyger har herja sunnmøre i heile dag, men vi har på mirakuløst vis gått klar av dei alle. Først når vi satt i bilen på veg ned Valldalen fekk vi ein skikkeleg skur på frontruta.
Turen opp til finnan gjekk i greitt terreng, og berre i korte periodar var i innhylla i skodde. At desse korte tilfella forekom akkurat på ryggen mot toppen der hengeskavlane på høgre side var nærgåande gjorde det heile berre meir spennande.
Kvar går vegen her tru?

Det var ikkje berre vi som hadde fått med oss at vegen hadde opna, det suste forbi motorsyklistar, gamle MG'ar og bobilar heile dagen, og som de ser var utfarten til Alnestinden også stor. Flere turlag var også på veg til finnan, og trur du ikkje eg traff kjenfolk? På toppen stod Eske og var klar til å ta turen ned. Kjekt.
På turen ned var det berre å finne fram flyten og la det stå til. Hilerun satsa frisk på smale ski, men heldt stilen godt. Eg berre gledar meg til neste romsdalstur.

20 mai 2009

Om vi har flaks, så er det sommaren som er på veg.

Årets første jordbær- og fløterunde er unnagjort. Bæra kunne nok vore søtare, men det er mykje som går bra med nok sukker.
Feil er det heller ikkje med langhelg, og om alt går etter planen bør helga innehalde både prøvetur på den nyopna vegen til trollstigen, og kajakkurs i Herøy. Rapportar kjem om det er noko å rapportere.

17. mai er ikkje så artig som den gongen ein kunne klatre opp i den høge stanga på skuleplassen og vinne slike artige men dårlige tennisracketar av plast. Eg trakk likevel på meg bunaden og gjekk i tog, for eg måtte jo telle klassa mi. Dei hadde 100% oppmøte, og vann med det ein halv skuledag med grilling og leik, noko du skal sjå at eg også får vere med på. Kjekt!









Toget, kor var det av?

09 mai 2009

Gratulerer Grand Prix-Inge...

Det er ikkje det at du ikkje skal få reise til Moskva, Grand Prix-Inge, men meiner du for alvor at andre skal betale turen din???

Les her.

Det må da vere grenser for kva ein kan kalle eit veldedig formål!

Forresten heilt utruleg at sunnmøringar gir pengar til noko slikt...