Kona var ute og flaug i helga, og måtte absolutt hentast på Vigra... Då passa det fint å få seg ein padletur i litt opnare landskap enn Storfjorden kan by på. Giske stilte med både bølgjer og sol. Artig!

Det må forresten vere hekkesesong for måsar no. Padla meg ein tur langs land, og litt bortetter stranda kom ein mordarmåse som gjentatte gongar, med faretruande hyl, stupte i stor fart mot haudet mitt. Ikkje anna å gjere enn å vende om og kome seg vekk så fort ein kunne. Berre så vidt eg berga livet...

3 kommentarer:
du har vel livsforsikring? måsar e høgrisiko. Fine bilde:)
flaks at du berga livet.
Saksøk!
Selv ble jeg angrepet av en spurv på Blindern, så urbane fugler er ville de og.
Legg inn en kommentar