Turen gjekk i år til Stadt, og eg hadde pakka bagen med ull og fleece i lange baner. Stadt brukar ikkje akkurat å by på sydenstemning, men heldigvis hadde eg også pakka shorts, for det var akkurat sydenstemning vi fekk. 4 dagar med strålande sol, og bar overkropp frå morgon til kveld.
Vi hadde tenkt å satse på overnatting i Ervika, og spurde pent bonden om løyve til å slå opp telt på marka. Bonden og sambygdingane var redd for avføring i sanden og svara difor nei. Skit luktar ikkje blomar, så vi såg poenget. Til neste sommar skulle bygdelaget ferdigstille hus med do og dusj, så då skulle pipa få ein anna låt. Vi får kome attende...
Slukøra fann vi vegen til Hoddevika. Der meinte ein pratsom bonde at stranda var utmark, og at dermed ingen kunne nekte oss å telte der. Rett nok var også marka bak stranda utmark sidan den ikkje var utskild i teigar... ... ... Bonden gav oss ei lang og god forklaring på kvifor det var slik, men sidan kyr og sauder beita der la vi oss likevel ned utanfor gjerdet.
Helga ellers baud på mykje soling og røling, kajakksurfing, grotteleiting, bunkersfjelltur, godt å ete og drikke, mygg og fluger og millionar av tanglopper.
Stadt er utan tvil ei perle, og med slikt vêr og temperatur som vi fekk var det eit paradis. Takk til alle som var med. Neste års samling står allereie i almanakken...
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar