20 mai 2009

Om vi har flaks, så er det sommaren som er på veg.

Årets første jordbær- og fløterunde er unnagjort. Bæra kunne nok vore søtare, men det er mykje som går bra med nok sukker.
Feil er det heller ikkje med langhelg, og om alt går etter planen bør helga innehalde både prøvetur på den nyopna vegen til trollstigen, og kajakkurs i Herøy. Rapportar kjem om det er noko å rapportere.

17. mai er ikkje så artig som den gongen ein kunne klatre opp i den høge stanga på skuleplassen og vinne slike artige men dårlige tennisracketar av plast. Eg trakk likevel på meg bunaden og gjekk i tog, for eg måtte jo telle klassa mi. Dei hadde 100% oppmøte, og vann med det ein halv skuledag med grilling og leik, noko du skal sjå at eg også får vere med på. Kjekt!









Toget, kor var det av?

4 kommentarer:

alxndrio sa...

Jordbær er alltid riktig!

Anonym sa...

hmm, vart ikkje du fornøgd md at en elev kallar deg barsk fordi du brukar bunad?

Monstermønster sa...

Jordbær! Oi! Her er det bare belgiske som regjerer, jeg gleder meg til å kjøpe overprisede norske. Nam!

andreas sa...

Til anonym: Jau det var svært kjekt!

Til Merete: Norske bær er ikkje overprisa, dei er mykje betre enn dei kostar.