26 mai 2009

Herlige Herøy!

Langhelga har vore raus, og frå fredag til søndag så var det Hareidlandet og Herøy som baud på godsakene. Fredagen gjekk med til å finne ein fin plass å ete reker. Ellisiv hadde reker, men solvarmen var ikkje så god som vi hadde håpa, så utandørseting vart forkasta. Men etter ein tur eller to til Hjørungavåg, fann vi oss til slutt tilrette.
Laurdag og søndag var det Herøy kajakklubb som stod for. Padleforbundets nybegynnerkurs skulle gjennomførast, for å lære nokre triks no når ein har kjøpt båt. Her er vi på veg ut i kajakkane på Kjeldsund.
På kurset var det mykje kjekke folk, og mykje fin padling. Eg var sjølvsagt den første til å symje. Akkurat i det eg trudde eg byrja å få taket på kantinga, fekk eg meg ein smell gitt. Kaldt men fortent...
Oddbjørn og Hilderun var også på kurs, og vi telta i Mulevika. Ikkje noko dumt val når både himmelen og havet var roleg, og bålet var tent.
Vi fann endatil igjen laguna som eg likte så godt å bade i på Skruk-samlingar på Kjeldsund i barndomen. Her var det lunsj, rulling og røling.

0 kommentarer: