21 mai 2009

Finnan

Vegen over trollstigen opna i går, og det går godt ilag med langhelg. Vêrmeldingane var noko tvilsame, så gleda var stor når Oddbjørn sendte melding på morgonen og sa at sola skein. Regnbyger har herja sunnmøre i heile dag, men vi har på mirakuløst vis gått klar av dei alle. Først når vi satt i bilen på veg ned Valldalen fekk vi ein skikkeleg skur på frontruta.
Turen opp til finnan gjekk i greitt terreng, og berre i korte periodar var i innhylla i skodde. At desse korte tilfella forekom akkurat på ryggen mot toppen der hengeskavlane på høgre side var nærgåande gjorde det heile berre meir spennande.
Kvar går vegen her tru?

Det var ikkje berre vi som hadde fått med oss at vegen hadde opna, det suste forbi motorsyklistar, gamle MG'ar og bobilar heile dagen, og som de ser var utfarten til Alnestinden også stor. Flere turlag var også på veg til finnan, og trur du ikkje eg traff kjenfolk? På toppen stod Eske og var klar til å ta turen ned. Kjekt.
På turen ned var det berre å finne fram flyten og la det stå til. Hilerun satsa frisk på smale ski, men heldt stilen godt. Eg berre gledar meg til neste romsdalstur.

0 kommentarer: