23 april 2009

Romedalstinden, ei påskeperle

Årets flottaste skitur er gjennomført. Vêret la godsida til og Romedalstinden baud opp til dans. Turen starta på Ytre Standal, og gjekk til fots om lag opp til setra. Der fekk vi på oss skia, og labba innover dalen.
Alex var ute med gnagsår, så det var eg og Jon som la iveg. Her er vi straks på setra. Romedalstinden er til venstre i massivet i bakgrunnen. Turen gjekk opp igjennom dalen og opp i skaret til høgre for massivet.

Vel oppe i skaret ser vi ruta vidare. Vi traverserte under nabbane, og gjekk på beina opp til platået under toppen.

Ein flott tind i si beste drakt.

Rundt kanten var det fine snøbakkar for øks og jern. Snøforholda var perfekte. Laust nok til at det var veldig greitt å få feste, men fast nok til at verken vi eller snøen sto i fare for å gli ut.

Vel på toppen hadde eg fin utsikt til kolåstinden der eg var dagen før. Eg såg gårsdagens rute mykje betre herifrå en då eg var der.... (Sjå forrige posting.)
Turen ned var også flott. Ei handfull svingar med tørrsnø frå toppen, og elles mjuk men ikkje ròten snø. Kort og godt ein framifrå tur på alle måtar.

2 kommentarer:

ARANJA sa...

Å - det var flotte bilete!! Fantastisk å sjå heile dalen frå dette perspektivet - gir meg inspirasjon til sommartur!
Kjekt å sjå deg såvidt i påska - satser på at vi sjåast til sommaren eller noko.

andreas sa...

Det satsar eg og på.